Frå forenkling til fortolking

I sitt tilsvar til blogginnlegget Religion, refleksjon og rettsleggjering viser Marie Kristine Kroken tydeleg dei omsetjingsproblema som oppstår når rettssystemet skal ta hand om religion som bevistema.

Kroken tek utgangspunkt i to moment ved asylvurderingar knytt til skifte av religion som ho meiner viser at grensene mellom religion og ikkje-religion ikkje betyr noko i desse vurderingane. For det fyrste hevdar ho at religion som kategori ikkje er tema i desse sakene – snarare er det berre den individuelle trua som betyr noko. Trua kan gje seg ulike utslag hos den einskilde, men konvertittspørsmålet er og blir eit spørsmål om overtyding. For det andre meiner ho at ettersom skifte av religion er eit så privat spørsmål som det no ein gong er, så må ein kunne forvente ei viss grad av refleksjon kring det å konvertere frå ein religion til ein annan.

Begge desse momenta er utleda frå Utlendingsnemnda (UNE) si etablerte praksis i konvertittsaker, med å vektlegge den personlege overtydinga og refleksjonen kring denne. Presumsjonen både i UNE sin praksis og Kroken sitt innlegg er at religionskategorien ikkje vedkjem vurderinga i det heile, og at det einaste spørsmålet som står att er om asylsøkaren fortel ei truverdig historie eller ei. Som alle andre rettsspørsmål er dette ei forenkling av sakskomplekset, motivert av dei konkrete behova til rettssystemet i kvar einskild sak. I det følgjande vil eg gå nærare inn på dei to momenta Kroken kommenterer, og vurdere kva slags forenklingar som ligg til grunn for desse. Avslutningsvis vil eg vurdere om desse forenklingane omgår religionskategorien i asylsaker der konvertering anføres som grunnlag for opphold.     

Frå religionsfridom til konvertering

Dersom konvertittsaker berre dreide seg om religionsfridomen – dersom rettsspørsmålet var om den einskilde si overtyding hadde krav på eit konvensjonsbasert vern – ville Kroken si argumentasjon vere uproblematisk. Religionsfridomen er både ei kollektiv og ei individuell rett, som er tydeleg omtalt i dei sentrale menneskerettsinstrumenta, komplett med kriterier for kva slags overtydinger som er verna, og kva slags 'manifestasjoner' slik overtyding kan omsetjast til. Religionsfridomen handlar, paradoksalt nok, slik sett ikkje om religionskategorien i det heile, men om forholdet mellom tru eller overtyding ('forum internum') og manifestasjon ('forum externum'). UNHCR sine retningsliner refererer hyppig til religionsfridomen som kjelde til forståinga av religionskategorien i Flyktningkonvensjonen, men då spesifikt i samband med asylsøkarar som har flykta frå religionsbasert forfølging i heimlandet.

Konvertittsaker – såkalla sur place-tilfelle – handlar derimot om kva slags nye moment ved den einskilde asylsøkar som kan framprovosere forfølging, kva slags attributtar individet har erverva seg under flukta som kan setja vedkommande i fare dersom han eller ho vert returnert til heimlandet. I denne vurderinga er religionsfridomen berre ei underliggande motivasjon for ordlyden i konvensjonen, og ikkje eit sjølvstendig vurderingstema. I ei slik vurdering kan ein ikkje kutte ut religionskategorien og koke ned spørsmålet til den einskilde si overtyding, ettersom det er koplinga mellom den einskilde og kategorien religion som er kriteriet som skal vurderast.

Her er det ikkje tilstrekkeleg å redusera det religiøse til berre trusspørsmålet, ettersom trua også må inngå i eit etablert system – ein religion – for at ein skal kunne snakka om religion i Flyktningkonvensjonen si forstand. Dei strengare krava til systematisk religiøsitet kjem tydeleg til uttrykk både hos UNE og hos UNHCR, som begge krev at konvertittar ikkje berre skal godtgjere at dei har ei tru, dei må også kunne forklare korleis dei kom til denne trua, og dei må kunne vise til ei aktiv praktisering i kyrkjelyden. Slike krav nyttast aldri i saker som dreier seg om religionsfridomen aleine, og viser tydeleg korleis religionskategorien i Flyktningkonvensjonen er for kompleks og samansett til å la seg koke ned til om den påståtte trua er reell eller ikkje.

Kontekstlause samanlikningar

Dei særegne krava til religionskategorien som ligg til konvertittsakene kjem tydelig fram i spørsmålet om refleksjon kring valet om å skifte religion. Vurderinga av refleksjon gjer religionskategorien i konvertittsaker langt snevrare enn den konvensjonelle religionsfridomen, og legg eit sett med bestemte føringer for korleis den einskilde si konvertering forventast å foregå. Desse føringane kjem fram i Kroken si argumentasjon, der ho set spørsmålsteikn ved om ikkje ein må forvente ei viss refleksjon kring valet mellom to ulike religionar. Nettopp her hopper juristane – slik dei har for vane – over gjerdet der det er lågast, og jamnstiller det einkvar asylsøkar måtte ha av erfaringer frå tidlegare med den konverteringsprosessen han eller ho har vore gjennom sidan ankomst i Noreg. Snarare enn å ta for seg kva desse prosessane eigentleg består av for den einskilde, seier juristane – det vere seg UNHCR, UNE eller Kroken – seg nøgd med å observere at både den tidlegare erfaringa og konverteringsprosessen kan grupperast under kategorien religion, og derfor lar seg samanlikne.

Konsekvensane av ei slik tilnærming kom tydeleg til overflata i Mohsini-saka, som eg skreiv om i det forrige innlegget på denne bloggen. Den altomfattande rolla til islam i det afghanske samfunnet var sjølve grunnpillaren i UNE si påstand om at ein må forvente ei viss refleksjon hos ein afghanar som går over til ein ny religion – fråveret av ei tilstrekkelig refleksjon vart nytta som indikativt på manglande autentisitet. Ei slik framstillingsmåte forvrenger innhaldet i religionskategorien ved å gjera det religiøse til ein stabil storleik som kan samanliknast på tvers av ellers særs ulike forhold. Ei slik samanlikning koker ned det å vere religiøs til ei bestemt grunnhaldning som skjærer på tvers av kultur, språk og historie, og som har større eller mindre innflytelse på ulike samfunn – ettersom det er mykje religion i Afghanistan, må ein etter denne logikken forvente at valet om å bli medlem i ei norsk kyrkjelyd må ha vore tungt og vanskeleg.

Frå forenkling til fortolking

Kroken sine rettslege forenklingar av konvertittkomplekset gir assosiasjonar til den fenomenologiske retninga innanfor religionsvitskapen, der kongstanken var at alle religionar innehaldt eit sett med grunnleggande attributtar som lot seg samanlikne utan omsyn til kontekst, det vere seg i tid eller rom. Der hovedstrømninga i religionsvitskapen etter fleire tiår med kritisk teori, dekonstruksjon og den språklige vendinga har forvist den fenomenologiske retninga til skraphaugen, lever kjerneideen i denne retninga tydelegvis vidare i rettssystemet: For at konvertittspørsmålet skal gå opp rettsleg, må dei erfaringane konvertitten tidlegare hadde la seg samanlikna med den nye religionen han eller ho tar til seg, slik at retten kan leite seg fram til det rimeligst antatte refleksjonsnivået.

Det er nettopp her, i den rettslege essensialiseringa av tru og religiøsitet som eit einsarta, samanliknbart aspekt ved menneskelige samfunn, at samfunnsvitskapane kan tilføre jussen kritiske perspektiv. Lovverket kan tenkjast som eit ideelt kart over samfunnslandskapet – dersom dei som arbeider innanfor rettsvesenet skal staka ut kursen for rettsutviklinga i åra som kjem bør dei kanskje vurdere å leige inn ein og annan samfunnsforskar som landmålar.

 

Helge Årsheim er stipendiat i religionsvitskap ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo

By Helge Årsheim
Published June 7, 2011 8:00 PM - Last modified June 4, 2015 1:47 PM