Religion, refleksjon og rettsleggjering

Går norske utlendingsmyndigheter djupt nok inn på føresetnadene som ligg til grunn for skifte av religion?

I dette innlegget vil eg sjå nærare på kva som skjer når den fleirtydige kategorien ’religion’ forlèt den kontekstorienterte samfunnsforskinga og blir utsett for dei særeigne tolkingsreglane i rettssystemet. Rettslege idear om religion er særleg interessante for samfunnsforskarar, fordi retten er avhengig av å kome fram til presise definisjonar som kan brukast til å treffe ei avgjerd. Når det gjeld religion tyder dette at rettssystemet må fullføre resonnementa der samfunnsforskarane vanlegvis kan seie seg nøgde med å konstatere usemje. Eg vil sjå nærare på korleis rettssystemet handterer religion gjennom ei nærlesing av dei to rettssakene den afghanske konvertitten Daniel Ali Mohsini førte mot Utlendingsnemnda (UNE) i 2010. Saka er interessant fordi ho inviterer til ei sjeldant reinspikka diskusjon rundt kva det er å vere religiøs, og fordi ho går rett inn i det stadig aktuelle ordskiftet om korleis UNE løyser si rolle som eit domstolsliknande forvaltningsorgan.

Saka

Daniel Ali Mohsini kom til Noreg som asylsøkjar i 2004, og sa då at han var sjiamuslim. Han frykta for livet etter å ha delteke i drapet på ein kommandant under ein strid om jord i Afghanistan. Utlendingsdirektoratet (UDI) avslo søknaden i 2005. Mohsini klaga over vedtaket, og grunna klaga med at han hadde gått over til kristendommen. Han dokumenterte konverteringa ved å oversende fleire brev, skrivne av mellom andre soknepresten i Engerdal og pastor Jan-Aage Torp i Oslokirken. I 2008 fann fleirtalet i UNE sitt nemndmøte 'på ingen måte klageren troverdig når det gjelder hans anførsel om å ha blitt kristen'. Mindretalet, ein av lekmedlemmane, kom til motsett konklusjon. Førespurnad om omgjering vart ikkje tatt til følgje, og hausten 2009 stemna Mohsini staten for retten.

Saka til Mohsini vedkjem ei rekkje paragrafar i utlendingslova, men for domstolane kokte sakskomplekset i grove trekk ned til spørsmålet om han ved retur til Afghanistan kunne forvente forfølgjing på grunn av religion. Slik forfølgjing ligg tydeleg i kjerneområdet til Flyktningkonvensjonen av 1951, som er del av norsk rett gjennom utlendingslova. Den vanskelege situasjonen for kristne i Afghanistan er veldokumentert, og er ikkje motsagt av korkje UDI eller UNE. Det vesentlege for domstolane var derfor å vurdere om Mohsini sin overgang til kristendommen var truverdig.

Den naudsynte avgrensinga

Spørsmålet om kva som skal skje når ein afghanar som har søkt asyl og fått avslag går over til kristendommen er ikkje nytt for UNE. Etter ei praksisendring i 2003, då afghanarar ikkje lenger fekk opphald på generelt grunnlag, opplevde UNE ein kraftig auke i talet på konvertittsaker. I 2005/2006 fekk ni av 16 klagarar opphald på grunn av konvertering, og i 2007 auka talet til om lag hundre slike saker. For å handtere auken oppretta UNE eit eige prosjekt for å undersøkje praksisen nærare. Etter konsultasjonar med diverse kyrkjelyder utvikla prosjektet ei liste med spørsmål om kunnskap og refleksjon som skulle nyttast i nemndmøta. Av sakene som vart avgjort i prosjektet fekk om lag ein firedel opphald på grunn av konvertering.

Opprettinga av prosjektet spelte ei vesentleg rolle for argumentasjon til UNE i tingretten og lagmannsretten, og vart nytta som døme på korleis organet hadde opparbeidd seg '...særskilt kompetanse og erfaringsgrunnlag for å vurdere om konverteringsanførsler er reelle'. Vektlegginga av prosjektet må sjåast i samanheng med korleis domstolane generelt er varsame med å overprøve avgjerdene i forvaltningsorgan, av di det er ein føresetnad at slike organ har ein spesialkompetanse som dei generelle domstolane manglar.

Kva er så innhaldet i denne spesialkompetansen? Arbeidet med konvertittsakene førte til ein praksis der dei mest etterspurte momenta var forholdet mellom utøving, kunnskap og refleksjon kring religionen – tre moment som svarer godt til retningslinjene for religionsbasert forfølgjing utgitt av FNs Høgkommisær for flyktninger (UNHCR). Dersom ein ser nærare på argumentasjon til UNE i dei to domsinstansane er det særleg spørsmålet om refleksjon som vart vektlagt i stor grad. For tingretten peika UNE på at '…det må kreves noe element av kognitivitet [sic] ved skifte av religion, på samme måte som det kreves en aktiv oppfatning av egen religiøsitet'. Vidare hevda UNE at religiøs overtyding ikkje var identisk med kjensla av glede og ro som klagaren peika på, og at det snarare var snakk om ei overtyding '...om ens egen plassering som individ, som også er av metafysisk karakter'. Endeleg meinte UNE at det var påfallande at klagaren ikkje hadde reflektert kring syndsforlating, i lys av asylgrunnlaget hans.

For lagmannsretten var argumentasjonen meir kortfatta, slik den gjerne er for høgare domsinstansar. I utgreiinga til retten om domspremissa kom det likevel fleire utsegner til overflata frå UNE sitt opphavlege vedtak: Klagaren mangla engasjement og entusiasme når han forklarte kvifor og korleis han vart interessert i kristendommen og let seg døype, og fleirtalet fekk inntrykk av at han mangla interesse for kristendommen. Vidare vart frasene og framstillinga til klagaren omtala som stereotype, med få uttrykk for personlege føresetnader og individuelle vurderingar.

For å handtere den tilsynelatande umoglege oppgåva det er å ta stilling til om Mohsini hadde vorte kristen eller ikkje kokte UNE ned spørsmålet til å dreie seg om sjølve avgjerda om å konvertere, og i kor stor grad denne avgjerda var eit medvite val knytt både til den religionen/verdsbiletet han opphavleg hadde og det han deretter valde å gå over til. Dei to andre kriteria som prosjektet identifiserte, aktiv utøving av og generelle kunnskapar om religionen, vart hovudsakleg nytta som justerande moment som primært kunne fått tyding dersom dei var fråverande.

Kva slags refleksjon?

Avgjerda til UNE om å gjere graden av refleksjon sentral kviler på to spesifikke føresetnader som ikkje vart tematisert i Mohsini-saka. For det fyrste må religion som generell kategori i lova og Flyktningkonvensjonen verte nytta likeins på islam på landsbygda i Afghanistan som på kristendom i ei evangelisk forsamling i Oslo – oppfatninga av eigen religiøsitet må vere ’aktiv’, og skifte av religion krev difor ei viss grad av ’kognitivitet’. For det andre må konverteringa gje seg konkrete utslag i personleg åtferd, i form av særprega, individuelle fortolkingar av den religiøse bodskapen, òg ein viss grad av entusiasme og innleving.

For å kaste lys over samsvaret mellom den generaliserte religionskategorien i ordlyden til konvensjonen og dei to trussamfunna klagaren hadde vore i kontakt med kalla UNE inn rådgjevar Geir Åge Neerbye frå Landinfo som vitne for begge rettsinstansane. Neerbye peika på den sentrale rolla til islam i det afghanske samfunnet, og at ei eventuell konvertering derfor ville vere eit stort sprang som ein berre ville gjennomføre etter ei grundig gjennomtenkt avgjerd. Med desse utsegna stadfesta Neerbye relasjonen UNE etablerte i sitt vedtak, mellom religion i konvensjonen sin forstand, og tydinga av refleksjon i overgangen frå afghansk landsbyislam til norsk, urban kristendom.

Då Mohsini sjølv gjekk i vitneboksen i lagmannsretten vart mangelen på entusiasme og engasjement som UNE sakna i vedtaket sitt illustrert i praksis. Mohsini ytra seg i korte setningar, og verka som ein inneslutta mann utan dei heilt store talegåvene. Han klarte ikkje å gjere særleg godt greie for kvifor han hadde valt å la seg døype, og omtalte både si eiga kristne tru og den islamske trua han hevda å ha forlate i nokså vage, generelle termar.

Religion, refleksjon og rettsleggjering

Religionsforståinga som ligg til grunn for UNE og Landinfo sine perspektiv på religion og religiøsitet samsvarar dårleg med det opne, fleirtydige vokabularet til samfunnsforskinga på dette feltet. Å hevda at kategorien 'religion' kan nyttast likt på sjiaislam på den afghanske landsbygda og på ei kristen, evangelisk forsamling i Oslo, og at overgangen mellom desse to nødvendigvis skulle  føresetje eitt eller anna nivå av individuell refleksjon og engasjement saknar forskingsbasert støtte.

For det fyrste råder det brei semje innanfor religionsforskarmiljøa om at religionsomgrepet er fleirtydig og ope, nyleg illustrert på denne bloggen i form av diskusjonen om religion som vare eller velferdsgode. Det uavklarte innhaldet i religionsomgrepet gjer det vanskeleg, for ikkje å seie umogleg, å stille opp dei to religionane Mohsini har vore i kontakt med som parallelle, samanliknbare konsept – religion er alltid fortolka, alltid i endring, og aldri generell, avklart og statisk.

For det andre, nettopp fordi religion er eit så fleirtydig konsept, vert det problematisk å seie noko generelt om kva prosessar den einskilde går gjennom i eit val om å skifte religion. Kanskje er det nettopp når ein kjem frå eit land der islam spelar ei slik altomfattande rolle, som Neerbye påpeika, at opplevinga av å gå over til kristendommen ikkje vert opplevd som eit skifte frå ein religion til ein annan, men meir som noko heilt nytt, utan haldepunkt i den tidlegare livsrøynsla til individet. Dette kastar eit anna lys over refleksjonskravet.

Mot desse to innvendingane kan ein sjølvsagt hevde at kritikken mot UNE sitt religionsomgrep i like stor grad råker religion i andre lover og reglar, som til dømes religionsfridomen og retten til ikkje å verte diskriminert på grunn av religion. Men i begge desse andre tilfella er religion berre eitt av fleire vurderingstema – religionsfridom dreier seg meir om eit generelt vern av eit breitt spekter av ulike overtydingar, medan retten til ikkje-diskriminering ikkje er skarpt avgrensa til religion, men alltid vert sett i samanheng med nærliggjande konsept, som legning og opphav. Konvertittsaker skil seg frå desse generelle reglane fordi det vert naudsynt å frikople religion frå andre nærliggjande moment.

Til forsvar for UNE kan ein vidare hevde at spørsmålet om konvertering fyrst og fremst ikkje dreier seg om korkje religionsomgrep eller refleksjonsnivå. Snarare byggjer UNE avgjerdene sine på ei heilskapleg vurdering av alle moment ved saka til den einskilde asylsøkjar, med særleg vekt på det opphavlege asylgrunnlaget og det generelle truverdet. Den primære oppgåva til UNE er å tryggje at ingen vert sende attende til forfølgjing, ikkje å levere bidrag til vidareutviklinga av religionsforskinga. Spørsmålet vi sit att med er derfor om UNE ved å leggje til grunn den religionsforståinga dei gjer aukar eller minkar risikoen for at asylsøkjarar vert sende attende til områder der dei kan risikere forfølgjing.

Dette er eit komplisert spørsmål det ikkje finnes noko enkelt svar på. I lys av Mohsini-saka er det likevel grunn til å sette spørsmålsteikn ved om Landinfo og UNE har gått djupt nok inn i  føresetnadeane som ligg til grunn for den einskilde sitt skifte av religion.

 

Helge Årsheim er stipendiat ved Det teologiske fakultet

By Helge Årsheim
Published May 10, 2011 11:59 AM - Last modified June 4, 2015 1:47 PM