Opptak til bachelorprogram og profesjonsstudiet i teologi
Ønskjer du opptak til våre bachelorprogram, vår årseininga eller profesjonsstudiet i teologi, skal du søkja via Samordna Opptak. Søknadsfristen er 15.april for vanlege søkjarar og 1.mars om du til dømes søkjer på grunnlag av realkompetanse
Masterprogram (1 1/2 - 2 år)
Me tilbyr både norsk- og engelskspråklege masterprogram dersom du ønskjer å byggja vidare på ein bachelorgrad. Du finn informasjon om opptak på nettsidene til studieprogrammet. Du søkjer via Søknadsweb Søknadsweb.
Opptak til emne
Det er mogleg å få opptak til eit av våre emne utan å ha opptak til eit studieprogram. Vilkåret er som regel at du søkjer om å verta enkeltemnestudent. Du finn meir informasjon på nettsidene til dei einskilde emna.