Faglege interesser
Strategisk kyrkjeforsking
Samlenemninga for dei faglege arbeida mine er strategisk kyrkjeforsking vidt forstått. Det vil seie at eg har ei forskingsmessig tilnærming til kyrkjefeltet som er medviten posisjonert i høve til gjeldande forskingsdiskursar og dei kulturelle og politiske debattane innan kyrkje, religion og samfunn som er knytte til desse.
Forskingstemaer eg er opptatt av
- Ungdom og religion
- Sosiale medier
- Profesjonsetikk
- Religionspedagogikk med vekt på læring i kyrkja
- Digitale medier og læring
- Ekklesiologi
- Fadderskap
- Pilegrim
Teoretiske og metodiske perspektiv
- Thirdspace
- Interseksjonalitet
- Kulturelt minne
- Kjønn
- Læringsteori
Fellesskap og relasjonalitet – i kyrkja og elles
Brennpunktet for dei faglege interessene mine er fellesskap og relasjonalitet. Fellesskap og relasjonalitet er fenomen som ikkje kan tenkjast vekk frå det å vere menneske, og med dette heller ikkje frå det å vere kyrkje. I doktorgradsprosjektet mitt arbeidde eg med korleis desse fenomena blir omtala og brukt når kyrkje blir tenkt og gjort. Casestudier av ungdomsteologi, læring i kyrkja, ekklesiologiske fellesskapsdiskursar, digitale moralske fellesskap og nyare kyrkjedanningar innan kristne lekmannsorganisasjonar i Noreg vart drøfta i lys av anna aktuell kyrkjeforsking i interaksjonflatene mellom empiri og teologi. Eg fann at det ofte blir snakka om fellesskap og kyrkje på ein måte som er idealiserande og lite forankra i dei faktiske erfaringane vi har med fellesskap og relasjonalitet. Kyrkjeleg tale om desse fenomenta har med dette ofte eit underskot når det gjeld å snakke, både empirisk og teologisk, om dei mindre greie sidene ved fellesskap og relasjonalitet.
Kyrkjeleg undervisning, fleksibel læring, kyrkjehistorie og pilegrim
Funna eg gjorde gjennom forskingsprosjektet Kyrkjehistorie i trusopplæringa (2009/20010) peika i same retning. Her undersøkte eg korleis historiske tema vart formidla i trusopplæringsreforma sin forsøksfase. Når historiske tema var brukt i læringsaktivitetar, var det i liten grad gjort med eit medvit om konflikter, kjelder og historiekritikk. Snarare var det "fortellingar om fortida" som vart brukt med intensjon om positiv lokal identitetsdanning, og det var overvekt av mellomalderromantikk og lokalhistorie når slike fortellingar vart formidla. Kyrkjelydspedagogar er sjølve minnepolitikarar enten dei veit og vil det eller ikkje, og prosjektet oppfordra til refleksjon over dette. Eg arbeider for tida med eit prosjekt finansiert av Norgesuniversitetet, der TF i samarbeid med Høgskulen i Volda har etablert eit årsttudium i kyrkjeleg undervisning. Målgruppa er tilsette i Den norske kyrkja si trusopplæring. Her får eg vidareført ei mangeårig interesse for læring og digitale medier, og her tar eg saman med Roger Jensen, leiar av pilegrimssenter Oslo, vidare erfaringane frå kyrkjehistorieprosjektet i utforminga av eit studiemne i kristendomshistorie for kyrkjelydspedagogar. Dette er også emne for ein komande forskingspublikasjon vi arbeider med ilag. Saman arbeider vi også med eit mindre prosjekt om pilegrim og thirdspace.
Å sørgje på internett
I seinare forsking har eg videreført interessen for korleis digitalt medierte fellesskap framstår og kva desse gjer med vår forståing av fellesskap og relasjonar. Eg har mellom anna gjort nokre studier av korleis unge menneske og foreldre utøver sorg gjennom ulike former for sosiale medier. Ungdom minnest avlidne kameratar på Facebook og Instagram, og "engleforeldre" (foreldre som har opplevd foster- eller spedbarnsdød) skriv bloggar og lagar minnesider. Sorg i det offentlege rommet er ikkje noko som plutseleg har dukka opp på grunn av den kommunikasjonsteknologiske utviklinga – fenomenet har ei lang historie (og forskingshistorie). Men sorg har alltid vore eit relasjonelt fenomen. I dag er deler av vår utøving av relasjonar og fellesskap, enten det handlar om sorg eller glede, digitalt mediert. Medieringa gjer noko med måten vi opplever og fortolkar fellesskap og relasjonar på. Med omgrep frå forsking om sosial kapital kan vi kan hende seie at fellesskap i dag går mykje i retning bruer: fellesskap mellom folk og grupper som i utgangspunktet ikkje er så like, medan den tradisjonelle fellesskapsforståinga har gått meir i retning band: fellesskap mellom dei same folka, samstades og samstundes.
Kva gjer ein fadder?
Seinhaustes 2014 startar eg opp med eit toåring forskingsprosjekt om korleis fadderskap blir praktisert i Den norske kyrkja. I dåpsliturgien blir fadderskapet forstått utelukkande religiøst (det handlar om å be for barnet og lære det å bruke Guds ord og sakramenta – med unntak av ein passasjoe om å vise omsorg som kom inn i siste liturgirevisjon). Samstundes eksisterer det eit stort kompleks av forståingar og praksisar av fadderskapspraksis ved sidan av det strikt religiøse. Dette skal prosjektet studere. Eg leier prosjektet og skal i samband med dette gjere ein "nettnografisk studie" av korleis fadderskap og fadderansvar blir diskutert på sosiale medier. I prosjektet ligg også midlar til et samarbeid med Norsk etnologisk gransking der det blir laga spørjelister om fadderskap, til kvalitative intervju, historiske studier og studier av fadderskap i samisk kontekst.
Undervisning
- Eg er programleiar for Fleksibelt årsttudium i kyrkjelege undervisning
- Studiedekan ved TF 1. - 3. kvartal 2020 (vikar)
Aktuelle studieemne
- KRIS1813 Kristendommens historie i trosopplæringen
- KRIS1815 Profesjonsetikk, kristen tro og livstolkning i møte med barn og unge
- TFF2010 Kristendom, oppvekst og læring
- RESA3500/RESA4500 Religion, Theology and Social Media
Tidligere studieemne
- DIAK1003 – Kos, kors og klem? Om grenser, kjønn og dømmekraft i kirkas ungdomsarbeid
- TEOL2101 – Kjønn og teologi
- KRIS4214 – Ungdom, etikk og religiøs pluralisme
- TFF4260 – Youth Ministry, Glocality and Ecclesiology
- TFEXFAC03 – Examen facultatum, teologivarianten
Bakgrunn
Førsteamanuensis i religionspedagogikk og kirkelig undervisning ved TF fra mars 2013
I mellombels vitskapeleg stilling ved TF (stipendiat, seinare forskar og førsteamanuensis) 2000 - 2012
Tilsett i halv stilling ved IKO – kirkelig pedagogisk senter (www.iko.no) som fagleg leiar og redaktør av det utdanningsvitskaplege tidsskriftet Prismet og founding editor av den vitskaplege bokserien Prismet bok 2009 - 2013
PhD 2009 med avhandlingen Vedkjenning og gjenkjenning. Refleksjoner i snittpunkta mellom kyrkjetenking og kyrkjepraksis.
Cand. philol. i kristendomskunnskap 1996 med hovedoppgåva Etikk, embete og einskap. Aktuelle perspektiv på Den norske kyrkja (studentstipend fra Noregs Forskingsråd). Musikkpedagogikk (toårig utanning frå Høgskulen i Volda) og filosofi mellomfag (fordjupning i etikk og religionsfilosofi) som støttefag.
Har tidlegare arbeidd som forskingskonsulent ved TF, undervist tre år i ungdomsskulen og vore prestevikar i Den norske kyrkja.
Verv
- Styremedlem i NOREFO – Norsk religionspedagogisk forskerforum 2020 –
- Styremedlem i KIFO – Stiftelsen kirkeforskning 2020 –
- Redaktør for Prismet, vitskapeleg tidsskrift for religionspedagogikk frå 2009 – 2013 (
- Medlem i referansegruppa for prosjektet Menighetsutvikling i folkekirken ved Det teologiske menighetsfakultet
- Medlem av Kyrkjerådet sitt Utval for ungdomsspørsmål frå 2008 – 2011
- Medlem av Kyrkjerådet sitt Utval for Kjønn og likestilling 2005 - 2007
- Medlem i redaksjonen for St. Sunniva, tidsskrift for Norsk kvinnelig teologforening 2003 - 2008
- Repr. for midlertidig vitskapleg tilsette i fakultetsstyret ved TF tidleg på 2000-talet
Samarbeid
- Medlem av Norsk religionspedagogisk forskerforum (NOREFO) – http://www.norefo.no
- Medlem av IASYM, International Assosiation for the Study of Youth Ministry
- Deltar i Network for Ecclesiology and Ethnograpy
Media
- Kronikk i Forskerforum: Middelmådig universitet? Nei takk!
- Intervju i Forskerforum: Skal vi la døde mennesker ligge, eller skal vi forske på dem?
- Kronikk i Sunnmørsposten: «Når verdiane skuggar for saka»
- Intervju i Vårt Land: Holocaust-minnesteiner ble malt over rett ved synagogen
- Kronikk i Vårt Land: «Jeg åpner min bibel, der står: Vær rosa!»
- Kronikk i Vårt Land: Problematiske fortellinger om fortiden i Vårt Lands sommerserie
- Intervju i Sunnmørsposten: Stadig flere velger å dele sine tyngste opplevelser i sosiale medier
- Intervju med Dagen om kyrkjedanningar i lekmannsorganisasjonane
- Kronikk om kvinnesynet i Da Vinci Koden (med Marianne B. Kartzow)
- Intervju med Uniforum om virtuelle moralske fellesskap
- Programomtale, Verdibørsen