Reformasjonsdagen

Reformasjonsdagen 31. oktober er minnedag om at Martin Luther på denne dagen i 1517 gjorde kjend dei 95 tesane om avlaten. Dette blir som kjend rekna som startpunktet for reformasjonen.

Dei 95 tesane er slått opp. Måleri av professor ved Düsseldorf kunstakademi, Arthur Kampf (1917). Copyright © 2009 PixelDeluxe Interaction Design Rotterdam.

Tidleg byrja ein i dei lutherske kyrkjene å minnest reformasjonen eller ”kirkeforbedringen” som ein gjerne sa. Alt i kyrkjeordninga for Pommern frå 1563 fanst det føresegn om å markere ein reformasjonsdag, som vart lagt til St. Martinsdag 11. november, som var Luthers dåpsdag. Opphavleg var dette minnedagen for den heilage Martin av Tours (300-talet), og bakgrunn for at Luther vart døypt Martin. Også andre lutherske kyrkjer innførte etter kvart minnedagar om Luther og reformasjonen. Til å byrje med var det ikkje uniformitet med omsyn til dato for reformasjonsdag. Både Luthers dødsdag (18. februar) og 31. oktober vart nytta. Dessutan var det dei kyrkjene som valte tidspunktet for den første evangeliske forkynninga i det aktuelle landområdet.

Etter jubelfesten i 1617 vart det innført ei årleg markering av reformasjonen i Danmark-Noreg

I 1617 fann den første jubelfesten for reformasjonen stad i dei lutherske kyrkjene – med 31. oktober som utgangspunkt. I Danmark-Noreg var Sjællandbiskopen Hans Paulsen Resen den sentrale krafta attom feiringa. Jubelfesten vart markert i alle kyrkjene og ved universitetet. I kjølvatnet av feiringa i 1617, mest truleg etter framlegg frå Resen, vart det innført ei årleg markering av reformasjonen i Danmark-Noreg, både i kyrkjene og ved universitetet. Dette var tradisjon ved universitetet heilt fram til 1906, då skikken vart avskaffa. I samband jubelfesten for reformasjonen i 1817 innførte det nyskipa universitetet i Kristiania ei tilsvarande årleg markering av reformasjonsdagen 31. oktober. I 1845 vart markeringa avskaffa.

Forfatta ei eiga ”Jubelbøn”

Reformasjonsdagen 31. oktober vart ikkje eigen heilagdag i Danmark-Noreg, men knytt til  helgemesse 1. november. Resen forfatta ei eiga ”Jubelbøn” for dagen, og sende ut eit eige hefte med bøna og salmane som skulle nyttast. Markeringa av reformasjonsdagen vart føreskriven i Kirkeritualet av 1685. Te Deum skulle syngjast som ”O, Store Gud vi love dig” ved dette høvet. Resens jubelbøn vart teken inn i alterboka frå 1688. Bøna var i bruk i den norske kyrkja heilt fram til 1887, då det kom ny kollekt- og tekstbok. I Danmark vart ho fjerna i 1899.

Frå tidleg på 1600-talet av kom reformasjonsdagen til å profilere helgemesse i den dansk-norske kyrkja, ikkje minst gjennom bruken av Resens jubelbøn. Ho inneheldt takk til Gud som ”udfriede din Christen Kirke af det Papistiske Fængsel og Mørkhed, og lod saa mildelig igien optændis dit sande Evangelii Lys ved din tro Tiener Doct. Morten Luther og andre” og ”saaledes vilde endnu besøge os, med dit klare Lysis Skin til Liv og Salighed i denne sidste Verdens Tid”. Vidare ber ein Gud om ”mildelig at bevare hos os sit hellige Ord, og de høyværdige Sacramenter i deris rette Meening og Brug, og begave sine Ords Tienere der til med sin gode Aand, som kand altid føre dem paa ret Vey” (Forordnet Alter-Bog udi Danmark og Norge, 1730).

Ikkje berre katolisismen blir framheva som negativ bakgrunn

Luther og reformasjonen er elles omtala i kollektbøna for 25. sundag etter treeiningssundag (trinitatis), der bibeltekstane er knytte til  endetida. Bøna blir innleidd slik: ”Herre Gud himmelske Fader, vi takke dig hierteligen, at du haver hiulpet os formedelst dit Ord af den græselig Pavedoms Vildfarelse, og haver ført os til dit Naadis Lys: Vi bede dig, at du vil naadeligen beholde os i samme Lys, og bevare os fra al Vildfarelse og Kietteri”. Det er elles ikkje berre katolisismen som blir framheva som negativ bakgrunn. Bøna held fram med at kyrkjelyden må få nåde til ikkje å ”blive u-taknemmelige, som Jøderne”!

Heilagdagsreduksjonen i 1770

Ei endring med omsyn til markeringa av reformasjonsdagen i Danmark-Noreg kom med heilagdagsreduksjonen i 1770. Då vart helgemesse avskaffa som heilagdag og flytta til den nærmaste sundagen. Det innebar at òg lesinga av jubelbøna for reformasjonen vart flytta hit. Slik vart det heilt fram til dei liturgiske endringane i 1880-åra. Resens jubelbøn kom ikkje med i kollekt- og bøneboka og vart heller ikkje erstatta med ei anna bøn. Derimot vart kollektbøna for 25. sundag etter treeingssundag oppretthalden med vesentleg same ordlyd som før.

Vanskeleg å konkurrere med Halloween

Med fjerninga av reformasjonsbøna vart den årlege markringa av reformasjonen svekt i Den norske kyrkja. Dette var tydelegare etter kvart som helgemesse fekk ei auka markering i kyrkjeåret. Reformasjonsmarkeringa har såleis vorte trengd ut av helgemessa i Den norske kyrkja. Dagen står i dag svakt i folks medvit. Det er vanskeleg å konkurrere med Halloween. I år har reformasjonsdagen rett nok fått større merksemd på grunn av reformasjonsjubileet.

Kjelder og litteratur

  • Carsten Bach-Nielsen: Fra jubelfest til kulturår. Århus 2015.
  • Forordnet Alter-Bog udi Danmark og Norge. Med kongel. Allernasdigste Privilegio. Kjøbenhavn 1730.
  • Helge Fæhn: Gudstjenestelivet i Den norske kirke. Oslo 1994.
  • Kollekter, Epistler og Evangelier almindelig Kirkebøn, den nye Skriftemaals-Ordning og den nye Høimesse-Litrugi. Udgivet efter offentlig Foranstaltning. Kristiania 1887.
  • Oluf Kolsrud: Reformationsjubilæet i Norge 1817. Kristiania 1917.
  • Bjørn Kornerup: Biskop Hans Poulsen Resen, II, red. Vello Helk. København 1968.
  • Fredrik Nielsen og J. Oskar Andersen: Kirke-Leksikon for Norden. III Bind. København 1911.
Emneord: Dannmark-Norge, Luther, Kirkeordning, Allehelgensdag, Reformasjonsdagen, Pommern Av Hallgeir Elstad
Publisert 8. nov. 2017 10:40 - Sist endret 8. nov. 2017 11:44