Reformasjon i fem hundre

I 2017 vil Den norske kyrkja og dei lutherske søsterkyrkjene kring om i verda markere at det er fem hundre år sidan reformasjonen. Som startpunktet for denne store politiske og religiøse omveltinga reknar ein 31. oktober 1517, datoen då Martin Luther offentleggjorde sine 95 tesar mot avlatshandelen.

Utkast til en norsk evangelisk kirkeordinants (1604). Minneskrift i samband med reformasjonens 400-års jubileum i 1917, redigert av Oluf Kolsrud med innleiing av biskopane i Den norske kyrkja.

Jubelfestar kvart hundreår

Kvart hundreår sidan 1517 har det vore gjennomført store jubelfestar for å minnast og  feire reformasjonen. I Danmark-Noreg vart den første reformasjonsfesten markert i 1617 med Sjællands biskop Hans Poulsen Resen i brodden. Grunntanken i takke- og jubelfesten som vart gjennomført ved København universitetet og i alle kyrkjene i riket, var å hevde og verne uforkorta arven frå Luther. Resen hadde medverka til å føre den lutherske ortodoksien til siger i den dansk-norske kyrkja, og tittelen på Resens jubelskrift var karakteristisk: Lutherus triumphans (den triumferande Luther).

Den andre reformasjonsfesten fann stad i 1717, under den store nordiske krigen. Under eit opphald i krigshandlingane kunne gjennomføre ein reformasjonsfest åtte dagar til ende Også denne gongen vart jubileet høgtida som ein sigersfest for den reine lutherske læra.

Den tredje reformasjonsfesten vart gjennomført etter at unionen mellom Danmark og Noreg var oppløyst. Biskop Bech i Akershus tok initiativ til ein kommisjon som skulle førebu jubileet i Noreg. Framlegget frå kommisjonen fekk kongeleg godkjenning. Biskopane forfatta eit sendebrev til kyrkjelydane i kvart sitt stift. Den store festhøgtida vart halde i kyrkjene 31. oktober.

Også ein universitetsfest

Reformasjonsfesten var òg ein universitetsfest. Reformasjonsfesten var det første større arrangementet som det nyskipa universitetet i Christiania gjennomførte. Teologiprofessor Hersleb heldt festtalen og la vekt på fridomen som Luther og reformasjonen medførte. Ved feiringa i 1817 vart reformasjonen framstilt som eit framsteg i kunnskap og opplysning, ein overgang frå mørket til ljoset – eit uttrykk for at tenkinga i tida framleis var prega av opplysninga.

Det fjerde reformasjonsjubileet fann stad under første verdskrigen i 1917 med markering i alle kyrkjene i landet. I Kristiania preika biskop Tandberg i domkyrkja og omtala Luther som ”et redskap i Guds haand til aandelig fremgang for menneskene”. Universitetet heldt minnefest i Aulaen, der òg kongefamilien var til stades. Ei spesiallaga jubileumskantate vart framført, og kyrkjehistorieprofessor Andreas Brandrud gav “et historisk overblik over Luthers gjerning”, medan dosent i tysk litteratur, Fredrik Paaske, skildra “Luthers personlighet”. Som einaste fakultet kreerte Det teologiske fakultet to æresdoktorar ved dette høve.

Norsk Teologisk Tidsskrift gav ut ei “Jubilæumsutgave” med avhandlingar av professorane ved Det teologiske fakultet. Dosent Oluf Kolsrud skreiv om reformasjonsjubileet i 1817, og var dessutan ansvarleg for utgjevinga av Utkast til en norsk kirkeordinans. Minneskrift 1917 med innleiing av biskopane i Den norske kyrkja. Saman med kollega Brandrud gav han ut 32 preikar frå reformasjonshundreåret, av superintendent Jens Nilssøn.

Både for universitetet og for kyrkja

Både i 1817 og 1917 vart reformasjonen markert som ei sak både for universitetet og for kyrkja. Tilsette ved Det teologiske fakultet tok gjerne del begge stader. Slik vil det òg vere ved reformasjonsmarkeringa til neste år. Universitetet i Oslo vil markere reformasjonen mellom anna ved eit seminar og ei førelesingsrekkje i Gamle Festsal, og Det teologiske fakultet vil på ulike måtar markere jubileet både gjennom undervisning og formidling.

Emneord: Reformasjonsfest, Luther, Kirke, Danmark-Norge Av Hallgeir Elstad
Publisert 15. mars 2016 17:16 - Sist endret 17. aug. 2021 15:26
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere