Luther, leiker og læring. Mellom historie og kollektivt minne i populær barne- og ungdomskultur

Kven eig  Luther og forteljingane om reformasjonen? Mange har peika på at forskinga sin  Luther og kyrkja sin Luther  ikkje alltid er samanfallande storleikar. Men Luther har det med å dukke opp både her og der. I dette innlegget møter vi han som plastleike og hovudperson i ein rap.

Produktfoto fra Playmobil.

I Hamburg fekk eg nyleg sikra meg ei lita leike som lenge har stått på ønskjelista. Den vesle plastfiguren med svart kappe, gullbibel og fjørpenn er umåteleg populær i Tyskland. Førsteopplaget på 32000 figurar ble rive vekk på 72 timar ved lanseringa i forfjor. Dette gjer Playmo-Luther til den raskast seljande av Playmo sine figurar nokonsinne. Figuren ei av talrike koplingar mellom reformasjonshistoria og populær barne- og ungdomskultur.

YouTube og reformasjonsrap

På youtubekontoen historyteachers finn vi ei fleire titals musikkvideoar med historisk tema. Tekstane er nyskrivne til kjende poplåtar. Bak kontoen står nokre lærarar frå Hawaii. Luther og reformasjonen fekk si eiga låt 2010: Til melodien av Bangles’ Manic Monday syng lærarane , i kryssklipp med Eric Till sin film Luther, strofer som ”…wrote down his objections and nail them to the cathedral door / Spoke out agains relics and indulgences and so much more”.

I 2008  laga Yale-studenten Xander Dominitz sin eigen vri på Jay-Z si raplåt 99 Problems under tittelen 99 Theses. Reformasjonsrapen har strofer som ” I warned yall that Rome best agree to the terms. / If not, then you can eat my Diet of Worms!”. Katharina von Bora er med som “my sexy little nun”. Aktuelle utfordingar knytt til resepsjon og formidling av reformasjonshendingane er tematisert: “When I wrote the ninety-five, haters straight up assailed em / Now they only care whether or not I nailed em or mailed em / They got psychoanalytic. / Now everyones a critic“.

Og kritikken har ramma både talemåte og sak. Luther var kjend som eit heller frittalande menneske, og ikkje alt han meinte er stuereint i dag. Amerikanaren Tyler Rasmussen har difor laga sitatgeneratoren Lutheran Insulter kor du med eit tastetrykk kan la deg treffe av utsegner som ”Is not what I said before true, that you have eaten and drunk yourself full of devils, and so spew vainglorious devils out of your hellish gorge?”, ”You are like mouse-droppings in the pepper” med fleire. Kjelder frå vitskaplege Luther-utgåver er oppgjevne under sitata. 

Kollektivt minne

Slik møter vi Luther og reformasjonen både gjennom kollektivt minne og gjennom historievitskap. Kollektivt minne, seier Chicago-forskaren James Wertsch, handlar om subjektive, ofte umedvitne perspektiv. Her møter vi ofte einsidige og partiske tolkingar av hendingar i fortida, og eit strev etter å gjere forteljingane så eintydige som mogeleg. Historie, derimot, handlar meir om det distanserte, kritiske og refleksive blikket. Ein historikar må både gjenkjenne og anerkjenne ambivalens og distansen mellom då og no. For historikaren må både usemje, endring og kontrovers ha ein plass i tolkinga av fortidige hendingar.

Om eg promoterer uttrykket ”muselort i pepparen” som luthersk eller gir nevøen min en Luther-Playmo, kva driv eg då med?  I alle fall har det både kollektivt minne og historie i seg, og det er ikkje lett å seie kva som er kva og korleis dei to er fordelte. I rein form er dei nok ikkje å finne. Skjelning meir enn sortering er stikkordet her.

Når Playmo-Luther får mediere reformasjonshistoria, kan ho ta uførutseielege vegar og få nye deleigarar. Luther kan bli sjørøvar eller mannekeng (eller berre seg sjølv) på leikerommet medan produsenten gnir seg i hendene over innteninga. Og på forskaren  sitt skrivebord kan figuren stå og minne henne om at i følgje Luther er det aldeles normalt at både det eine og det andre i verda er samanblanda. Men det gjeld å vete kva som er kva.

Emneord: Luther, Historie, Playmobil, Reformasjonshistorie, Musikkvideo, Rap Av Birgitte Lerheim
Publisert 8. apr. 2016 11:37 - Sist endret 3. jan. 2019 14:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere