Fagfelt: Nyare norsk kyrkjehistorie

Nyare norsk kyrkjehistorie omfattar det 19. og 20. hundreåret, og er eit sentralt forskningsområde ved Det teologiske fakultet.

(Utenfor kirken i Kaurokeino etter gudstjenesten, 1882 eller 1883. Foto: Billedsamlingen ved Universitetet i Bergen. Ukjent fotograf.)

1800-talet har tradisjonelt vore eit av tre hovudområde for norsk kyrkjehistorieforsking – i tillegg til mellomalderen og reformasjonen.Etter kvart har utforskinga av nyare norsk kyrkjehistorie også vorte utvida med det 20. hundreåret. Det teologiske fakultetet har i dag tre faste stillingar med dette som særleg fagområde.

I det 19. og 20. hundreåret i Noreg skjer overgangen til moderniteten og oppbrotet frå ein protestantisk homogenitet. Den norske kyrkja sin posisjon blir endra frå å vere statsberande til å bli ei privilegert, men omstridd stats- og folkekyrkje.

Innanfor kyrkja kjem foreiningsdanning og indremisjonsaktivitet til å spele ei viktig rolle i hundreåret frå om lag 1850 til 1950 og medverkar til at eit konservativt og lågkyrkjeleg preg influerer kyrkjelivet og teologien. Samstundes blir embetskyrkja utfordra til ei demokratisk strukturendring gjennom ei gradvis kyrkjeleg organisering.

Foreiningsaktiviteten var moderne i uttrykk, men ofte konservativ med omsyn til teologisk innhald. Dei kristelege foreiningane gav rom for auka aktivitet for kvinner i kyrkja. Ikkje minst gjaldt dette i samband med framveksten av misjon og filantropi.

Diakoni vart eit område der kvinner kunne få ei rolle i kyrkja og samfunnet på ein sjølvstendig basis. Mest omstridd internt i kyrkja var spørsmålet om kvinner kunne bli prestar. Kvinner si rolle i kyrkja og samfunnet fekk ofte ein symbolsk funksjon som uttrykk for moralen i samfunnet.

Livssynsdebatten og kritikken av kyrkja, særleg på midten av 1900-talet, handla både om dogmatiske posisjonar og etisk grunnsyn. Kristendommen vart klaga for å vere undertrykkjande og livsfiendtleg. Og det 20. hundreåret vart kjenneteikna av ei aukande sekularisering av allmenta og ei meir privatisert religionsform.

Kontrasten til dette finst i nokon grad i endringane av Noreg i retning av eit meir fleirreligiøst og multikulturelt samfunn i dei siste tiåra av 1900-talet. Denne utviklinga har ført til ein meir sjølvrefleksiv og dialogisk teologipraksis, men òg til brytningar mellom religionar og mellom meir sekulære religionsuttrykk og ortodokse.

Publisert 4. apr. 2019 14:07 - Sist endret 4. apr. 2019 14:07