Ny bok: Religionskritikk på norsk

Denne boka kan lesast som eit historisk oversyn, men ho er også meint å vere eit bidrag til samtale om religionskritiske utfordringar i den norske konteksten – på tvers av tru og livssyn.

Religionskritikk på norsk bokomslagOm boken

Forfattaren rullar opp religionskritikken i Norge, frå det moderne gjennombrotet og fram til dagens religionskritiske debattar. Han identifiserer sentrale arenaer og aktørar, og viser korleis religionskritikken har skifta fokus frå kristendoms- til islamkritikk. Boka er også systematiserande og forfattaren skil mellom tre hovudformer for religionskritikk: intellektuell, moralsk/politisk og eksistensiell.

Den andre hovuddelen av boka er konsentrert om humanismen, og forfattaren gjer seg til talsmann for såkalla «kjempande humanisme», ein humanisme som går i klinsj med autoritære og antihumane rørsler og også utfordrar religionane når det er nødvendig. Boka gir også eksempel på religionskritikk i praksis – relatert til Bibelen og Koranen.

Du finner mer informasjon om boken på Pax Forlag sine nettsider. 

Forfatter

Oddbjørn Leirvik er professor emeritus i interreligiøse studiar ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo. Han var tidlegare i ei årrekke prest i den fleirkulturelle bydelen Grünerløkka i Oslo. Oddbjørn Leirvik har i mange år bidratt til og drive forsking på kristen-muslimsk dialog og er ein av våre fremste kjennarar av forholdet mellom kristendom og islam. Leirvik har engasjert seg både i dei religionspolitiske og åndelege sidene ved møtet mellom ulike religionar og livssyn i Norge, og internasjonalt. Han har skrive ei rekke bøker, mellom anna Møte med islam (1990), Religionsdialog på norsk (1996, 2001), Islamsk etikk – ei ideéhistorie (2002), Islam og kristendom: konflikt og dialog (2006, 2014), Human Conscience and Muslim-Christian Relations (2006), Images of Jesus Christ in Islam (2010) og Interreligious Studies. A Relational Approach to Religious Activism and the Study of Religion (2014).

Publisert 4. nov. 2022 12:42 - Sist endret 4. nov. 2022 14:21