English version of this page

Religiøs motstand mot likestilling i Baltikum

Nye forskingsfunn viser at likestillingskampen er sterkt avhengig av religion og historiske erfaringar, også i våre naboland.

Foto av kvinne med foldede hender oppå en oppslått bok

Illustrasjon: Colourbox.com

I Norden tenkjer vi lett på kampen for kjønnslikestilling som ein kamp for kvinner sine demokratiske rettar. Men vi skal ikkje lenger enn til dei baltiske landa for å finne ei heilt anna tilnærming til kvinnefrigjering.

– I dei post-sovjetiske landa ser vi ei motstand mot likestilling, i religiøs innpakking. Mange opplever at dei blir dikterte likestilling utanfrå. Går dei til dei nasjonale kyrkjene, kjem desse ofte med alternative ideal, for eksempel eit hierarki der kvinna er underordna mannen, seier Anne Hege Grung, forskingsdekan ved Det teologiske fakultet, Universitetet i Oslo.

foto av Anne Hege Grung
Professor Anne Hege Grung.
Foto: TF-UiO

Grung er den norske leiaren for prosjektet Religion and Gender Equality: Baltic and Nordic Developments, der forskarar i Estland, Latvia, Litauen og Noreg har undersøkt kjønnslikestilling i desse fire landa og kopla det opp mot religiøse strømmingar.

Motstand mot kjønnslikestilling

Alle landa har kristendommen som majoritetsreligion og støttar formelt idealet om kjønnslikestilling. Men det er også store skilnader, både mellom Noreg og Baltikum og mellom dei tre baltiske landa, ifølgje forskarane.

Eit fellestrekk i dei baltiske landa er motstanden mot konseptet kjønnslikestilling. Dette kom til syne både i analysar av medieoppslag og i intervju med totalt 120 kvinner som høyrde til ulike religiøse fellesskap, både kristne og muslimske.

Milda Ališauskienė er professor i sosiologi ved Vytautas Magnus University og leiar prosjektet i Litauen. Ho forklarer det slik:

– Ein del kvinner ser på feminisme som eit trugsmål. Men det betyr ikkje at dei ikkje ønskjer kjønnslikestilling i dagleglivet sitt. Mange deler husarbeid og barnepass med mannlege partnarar. Motstanden er i hovudsak mot konsepta feminisme og kjønnslikestilling slik dei blir presenterte i offentleg debatt.

Bitre erfaringar frå Sovjetunionen

foto av Milda Ališauskienė
Professor Milda Ališauskienė. Foto: Vytautas Magnus University

Forskarane trur at dette heng saman både med historiske erfaringar og mediedebattar i Baltikum i nyare tid.

– Under Sovjetunionen var kjønnslikestilling eit ideal. Men endringane omfatta berre kvinnene, ikkje mennene. Så då kvinnene skulle ut i arbeidslivet, måtte dei halde fram med å ha all arbeidsbyrden heime i tillegg. Studiar har tyda på at kvinner ikkje fekk nokon fordelar av dette, seier Ališauskienė.

Då Sovjetunionen blei oppløyst i 1991, starta ei utvikling i ny-patriarkalsk retning, der mange ønska seg tilbake til det dei oppfatta som tradisjonelle verdiar.

– Det var starten på ein gullalder for religionar som støtta opp om patriarkalske verdiar, forklarer Ališauskienė.

Latvia har ei stor luthersk kyrkje som frå 1975 og utover ordinerte kvinnelege prestar. Men etter at kyrkja fekk ein konservativ erkebiskop, vart dette likestillingstiltaket reversert i 1993. Standpunktet blei oppretthalde av kyrkja sitt øvste organ, synoden, då saka var oppe til diskusjon i 2016, og det har sidan blitt ståande.  

Konvensjon som skal førebyggje vald, har skapt bråk

Samtidig har dei baltiske landa etter Sovjetunionens fall ønska å bli del av europeiske og vestlege alliansar. Ein konvensjon som landa må følgje, er FNs CEDAW-konvensjon, som skal avskaffe alle former for diskriminering mot kvinner.

Ein annan konvensjon kom til seinare og har skapt heftige mediedebattar i dei baltiske landa: Europarådets konvensjon om forebygging og bekjempelse av vold mot kvinner og vold i nære relasjoner, den såkalla Istanbul-konvensjonen. Denne blei signert i Istanbul i 2011 og er ratifisert av Noreg.

forside tidsskrift
Tidsskriftet Religion and Society in Central and Eastern Europe har gitt ut et spesialnummer med forskningsresultater fra RELIGEN-prosjektet. Spesialnummeret er redigert av Milda Ališauskienė og Anne Hege Grung. Artiklene kan leses i fulltekst på publikasjonens nettsider.

Alle dei tre baltiske landa er i dag medlemmer i EU, og alle har signert Istanbul-konvensjonen, men det er berre Estland som har ratifisert han og dermed gjort han til del av landets lovverk.

– I Litauen var det ingen diskusjonar då CEDAW-konvensjonen vart ratifisert tidleg på 2000-talet. Men Europarådets konvensjon har fått mykje mediemerksemd. Det har skjedd ei merkbar dreiing i patriarkalsk retning dei siste tjue åra, seier Ališauskienė.

Den offentlege og den private sfære

Gjennom analysar av medieoppslag har forskarane sett at religiøse leiarar i ulike kyrkjesamfunn i alle dei tre landa har gått ut og tala imot konvensjonen.

– I intervjua vi har gjort, har kvinner ofte vist til dei religiøse leiarane sine argument. Hovudargumentet er at konvensjonen trugar tradisjonelle familieverdiar. Generelt ser det ut til at kvinner som er kritiske til kjønnslikestilling, er kritiske til det på eit politisk nivå, men ikkje privat, seier Ališauskienė.

– Kanskje handlar dette meir om kva verdiar ein skal representere i møtet med verda utanfor, ikkje om korleis ein ønskjer å leve livet sitt privat. Vi spør oss om synet på kjønnslikestilling har blitt ein politisk identitetsmarkør, og kva dette i så fall betyr, legg Anne Hege Grung til.

Ein annan likestillingsdebatt i Noreg

Det er store skilnader på oppslutnaden om kyrkjesamfunna i dei baltiske landa. I 2019 var 88 prosent i Litauen medlemmer i ein religiøs organisasjon, nær 45 prosent var medlemmer i Latvia og 27 prosent i Estland, ifølgje offisielle tal. Estland er altså det klart mest sekulære landet, men også her har religiøse leiarar gått ut og tala imot konvensjonar knytt til kvinner sine menneskerettar, sjølv om landet for lengst har ratifisert dei, fortel forskarane.

I ein studie der dei samanliknar Noreg og Estland, skriv Anne Hege Grung og kollega Anastasiia Babash at sjølv om begge land har lovverk som støttar opp om kjønnslikestilling, er det store skilnader i folkeleg støtte. Både religiøse faktorar og ei fortid som del av Sovjetunionen, skaper utfordringar for likestillingsarbeidet i Estland.

– I Noreg er det annleis. Kjønnslikestilling har brei støtte. Vi ser også at heile det religiøse landskapet, inkludert norske minoritetsreligionar, i aukande grad sluttar opp om slik likestilling som ein verdi, seier Grung.

Diskusjonen handlar heller om kor vidt kjønnslikestilling er noko vi har oppnådd eller om vi treng å jobbe vidare med det, ifølgje forskaren.

– Det er også diskusjon om kva tiltak som balanserer godt med andre rettar, som trus- og livssynsfridom. Då er det viktig å understreke at kvinners trusfridom også er ein del av kvinner sine menneskerettar.

Forskinga har fått støtte frå The EEA and Norway Grants 2014-21

Av Silje Pileberg
Publisert 28. des. 2023 16:28 - Sist endret 16. feb. 2024 17:39