– Gud har ei brannvarm nase og ei livmoraktig omsorgsevne

Det gamle testamentet er på éin måte patriarkalsk og gammaldags. Men tekstane snakkar samtidig om kroppen på ei langt meir mangfaldig måte enn vi er i vane med i dag, ifølgje forskar Anne Katrine Gudme.

Foto av Michelangelos freske "skapelsen av Adam"

– Strekkjer Gud ut armen, er det for å øydeleggje eller vise styrke. Brukar han fingrane, handlar det oftare om skapinga, seier professor Anne Katrine Gudme. Illustrasjon: Adams skapelse av Michelangelo, freske fra det Det sixtinske kapell i Roma. Kilde: Wikimedia Commons

Når du ser ting frå ein ny vinkel, kan du sjå dei på nye måtar. Slik er det også med 2500 år gamle tekstar.

Då forskarane Anne Katrine Gudme og Søren Lorenzen begynte å studere framstillinga av kropp i Det Gamle Testamente (GT), fekk dei stadfesta at tekstane rommar ekskludering av både kvinner og andre samfunnsgrupper. Gud sjølv står fram som sterk, modig og rettferdig – og altfor perfekt.

Men dei såg også noko anna.  

– Les du tekstane med eit ope sinn, vil du sjå at nokon av dei underbyggjer openheit og inkludering. Dei opnar heilt klart opp for andre tolkingar enn den tradisjonelle, seier Anne Gudme, som er professor ved Det teologiske fakultet, Universitet i Oslo.

Hjarter som hugsar og naser som brenn

Saman med Søren Lorenzen ga Gudme nyleg ut boka «Kroppen i Det Gamle Testamente». Der har dei tatt føre seg kroppsdel etter kroppsdel og sett på korleis desse blir framstilte i ei av verdas mest utbreidde tekstsamlingar. 

Bildet kan inneholde: shorts, kjole, bein, menneskekroppen, erme.
Kroppen i Det Gamle Testamente er utgitt på Eksistensen Forlag.

– Det gøymer seg meir kropp i GT enn vi har vore klare over, seier Gudme.

Mykje har forsvunne i omsetjingar. Men les ein teksten nøye på originalspråket hebraisk, slik Gudme og Lorenzen har gjort, florerer det av eksempel.

– For eksempel står det at når Gud blir sint, flammar nasen hans opp. Ein varm nase er forbunden med sinne. I den norske versjonen er dette skrive om, seier Gudme.

Ikkje alle kroppsdelar ser ut til å ha vore interessante for forfattarane. For eksempel skriv dei ingenting om hjernen. I staden er det hjartet som koplast til eit menneske sitt minne, tankeverksemd og intensjonar. Kjenslene er spreidde rundt i kroppen.  

Idealet er total perfeksjon

Noko Gudme sjølv ikkje hadde tenkt over før, er at armane og fingrane har ulike roller.

– Strekkjer Gud ut armen, er det for å øydeleggje eller vise styrke. Brukar han fingrane, handlar det oftare om skapinga – det kreative arbeidet. Slike mønster blir tydelege når ein ser på detaljane i teksten.

Mykje av GT handlar om å la Gud få vise at han er sterk, modig og rettferdig, påpeikar ho.

– Det er jo positivt: ein herleg gud å ha. Men det har si bakside. Når Gud ser alt, høyrer alt og er sterkare enn alle andre, blir idealet total perfeksjon.

foto av Anne Gudme
Professor Anne Katrine Gudme. Foto: TF-UiO

I GT må både prestar og offerdyr vere så guddommelege som råd er for å vere verdige guden sin.

– Då får ein skapt eit kroppssyn der det ikkje er plass til det som ikkje er perfekt. Det er potensielt problematisk viss vi vel å skrive under på det.

Ein del passasjar er lite inkluderande

Det er lett å tenkje at GT berre er patriarkalsk og gammaldags, påpeikar ho. For slik er det i stor grad. I Femte Mosebok 22 står det til dømes at ei kvinne skal steinast framfor faren sitt hus om det viser seg at ho ikkje er jomfru bryllaupsnatta.

Forfattarane verkar heller ikkje å ha mykje til overs for svaksynte personar, barnlause kvinner og til tider kvinner generelt. 

Det handlar ikkje berre om at GT speglar tida det vart skrive i, ifølgje forfattarane, som i konklusjonen viser til ein mesopotamisk tekst som er eldre enn GT og der for eksempel blinde kjem ut av det med meir respekt og fleire moglegheiter.

– Det var ikkje sånn at folk i oldtida var ute av stand til å inkludere. Men i GT har vi ingen særleg inkluderande tankegang, seier Gudme.  

Gud er både hokjønn og hankjønn

Samtidig: Når ein les med kroppen som utgangspunkt, ser ein nye ting. I den hebraiske versjonen av GT er Gud også «livmoraktig». Han er som ei kjærleg mor for folket i Israel. Det hebraiske ordet for livmor er «ræhæm».«Raham», ordet for barmhjertig, er avleda av «ræhæm». Begge orda brukast ofte og om kvarandre i skildringa av Gud. Å være barmhjertig er med andre ord å oppføre seg «livmoraktig».  

– Desse eigenskapane er noko av det Gud oftast blir takka for i GT. Og sidan livmora til ei kvinne vernar eit lite barn til det blir fødd, gjev det meining å bruke ordet på denne måten, seier Gudme.

I skapingssoga i Første Mosebok står det dessutan at Gud skapte Adam og Eva som mann og kvinne, i sitt eige bilete. På hebraisk blir ikkje orda «mann» og «kvinne» brukte, men «hankjønn» og «hokjønn».

– Det er vanskeleg å lese den teksten som noko anna enn at det å vere skapt i Guds bilete er å bli skapt i fleire kjønn.

Viktig å vere kritisk

Sjølv om teksten er eldgamal, pregar GT oss framleis, ifølgje Gudme.

– Det er ikkje særleg mange i Norden som vil skrive under på at kvinner som ikkje er jomfru bryllaupsnatta skal steinast. Men inntil nyleg har vi jo hatt eit lite gram av den måten å tenkje på, for eksempel ved at kvinner i større grad enn menn er blitt sett som laussleppte viss dei har hatt mange seksualpartnarar, seier ho.

Ho vil ikkje trekkje noko kopling mellom den perfekte Gud i GT og det ønsket om ein perfekt utsjånad som vi finn i samfunnet i dag.

– Det blir for enkelt. Det er så mange kulturelle dynamikkar og utviklingar som spelar inn. Til gjengjeld trur eg at det, nettopp i lys av notida sitt nærast uoppnåelege kroppsideal, er ekstra viktig å vere kritisk overfor den perfekte Gud i GT og det funksjonsdyktige og feilfrie kroppsidealet desse tekstane legg opp til. 

Eit ansvar for å tolke

Ho meiner at den breie oppfatninga av GTs kjønnsforståing har hatt ein tendens til å vektleggje det gamaldagse og patriarkalske, til fordel for det opne og liberale som faktisk finst der.

– Tekstane opnar heilt klart opp for andre tolkingar enn den tradisjonelle. For eksempel opererer dei nokon stader med langt meir flytande kjønnsomgrep enn det vi er i stand til i dag. For eksempel skildrast både Gud og Moses, to mektige maskuline karakterar i GT, i eksplisitt feminine roller i tekstane, fortel Gudme.

– I Fjerde Mosebok 12 ser Moses tilbake på tida si som ei mannleg amme for folket Israel, og i Jesaja 49 er Gud trufast mot folket sitt presis som ei ammande kvinne er det overfor sitt barn. Dette er naturlegvis bilete, metaforar, i språket, men det er også bevis på ei evne til å tenkje ut av den berømte boksen i forhold til kjønn og kjønnsroller. Les vi tekstene eine og åleine metaforisk, mistar vi eit viktig poeng.

Når Bibelen når så breitt ut som han gjer, stiller det lesarane overfor store tolkingsoppgåver, meiner ho.

– Heller enn ein gud som dømmer og oppmodar til perfeksjon, treng vi i dag ein gud som er mangfaldig, inkluderande og mektig nok til å gje alle menneske plass til å føle seg heime i sin eigen kropp, seier Anne Katrine Gudme og legg til:

– GT kan bidra til å underbyggje lite hensiktsmessig vanetenking og strukturell ulikskap, viss ein gjev det lov. Men vi treng ikkje gje tekstane lov.

Av Silje Pileberg
Publisert 2. des. 2023 17:14 - Sist endret 22. des. 2023 00:54