Om det er sant at tilliten til Gud er svak, skal vi ikkje kunne adressere akkurat det i bøner?

Tusen takk for ei velskrive og svært nyttig bok! I denne boka peikar de på nokre ting som skrik til oss frå nyare bønespråk: Ny-kapitalistiske formuleringar og ordbruk som ikkje står seg, ein over-aktiv adjektivbruk, og vidare på korleis vi har gått frå lovprising til rettleiing. For å nemne noko. Noko av det viktigaste de løftar fram er at det nye bønespråket avslører at mennesket har teke på seg Gud sine oppgåver. Tilliten til Gud er svak, kanskje ikkje-eksisterande, og vi ber Gud om styrke, mot og vilje til å gjennomføre det ein tidlegare bad Gud om å gjere.

De kritiserer ikkje den personlege bøna, men dei bønene som blir brukt i større fellesskap, som i Den norske kyrkja sine gudstenester. I kontrast til dette nye peiker Merete på urbøna Fadervår som eit føredøme i Når dere ber. I motsetning til ei overvekt på menneska sine handlingar i nyare bønespråk, formulerer Fadervår kun ei handling mennesket skal gjere sjølv; nemlig å forlate sine skuldnarar.

I boka er det ein diskusjon eg saknar. For det finst bøner som vert formulert i gudstenester i Den norske kirke som er annleis enn dei de kritiserer. Det blir formulert masse bøner som ikkje nødvendigvis er marknadskapitalistiske, eller er masete i sin adjektivbruk eller der ein tek på seg Gud sin jobb. Eitt døme på dette er den danske bøneboka Himmelen i mine fodsåler. Eit anna døme er altså bønene i Jakobmessene i Kulturkirken Jakob. Noko av det som skjer i desse bønene er at vi som skriver bønene prøver å utfordre trua, sprengje den, formulere teologi til håp og trøyst utan å lukke gudsbileta eller bilete av menneskja sine kår som skaping. Bønene er nokre gongar fulle av håp, nokre gongar famlande i sine gudsbilete, dei kan være spinkle og skjelvande, men vi seier ikkje noko vi ikkje har dekning for. For om det er sant at tilliten til Gud er svak, skal vi ikkje kunne adressere akkurat det i bøner? Vi kan ikkje berre be fadervår, eller bøner frå urtida, vi må alltid søkje å utrykke oss også frå der vi er no, om enn resultatet blir klønete og famlande. Dette held vi på med i Jakobmessene.

Bøn til Jakobsmesse

I ei tid no har vi jobba hardt med bønene til desse messene. Dei er nye kvar gong. Vi bestemte oss for å risikere vår eiga tru og hoppe ut i fritt fall i vårt eige bønespråk. Utgangspunktet var at vi syntes det var vanskeleg å formulere bøner, og vi trengte å utfordre oss sjølve for ikkje å falle ned i det som for nokre av oss var dødt og livslaust kyrkjebønespråk.

Når vi skriv bønene gjer vi det slik: Ein av oss har ansvaret, skriv, men så går bøna mellom oss på e-post, bøna blir fillerista, og rosa. Det skjer i tillit. Bøna som blir framført er sjekka av tre andre som også har konteksta bøna skal lesast inn i mente, som veit kva tekster og liturgi den skal brukast i, og kjenner til mange av dei teologiske tema kvar av oss er opptekne av. Vi er fleire om det. Denne motstanden er nødvendig. Dette kan de lese meir om i Erik Hillestad sitt essay i siste nummer av Nytt norsk kirkeblad.

Sidan vi no snakkar om bøner, tenkte eg at vi skulle få høyre ei bøn. Det er ei bøn som vart brukt på ei Jakobmesse i juni år. Den er på ei plate med to av messene som kom ut i haust. Den de skal få høyre hadde eg ansvaret for, det er kanskje litt kleint å bruke ei av sine eigne bøner, men det er ei bøn der eg har streva med gudsbileta, med tru, og freista å formulere teologi på ein personleg måte. Det kan være greitt å vite at teksta den speglar er denne:

«Jesus sa: «Dere har hørt det er sagt: ‘Du skal elske din neste og hate din fiende.’
Men jeg sier dere: Elsk deres fiender, velsign dem som forbanner dere, gjør godt mot dem som hater dere, og be for dem som mishandler dere og forfølger dere. Dere skal elske hverandre som jeg har elsket dere.
– – –
Dette er mitt bud til dere: Elsk hverandre!»

(Matt 5:43-44 og Joh 15:17)

Nokre av dykkar observasjonar på nyare bønespråk kan de sikkert gjenkjenne her også. Men poenget mitt er å spørje: Dersom det er slik at tilliten til Gud er svekka eller er borte, meiner de at vi kan klare å etablere den på ny i bønene? Bøna eg skreiv for Jakobmessa var personleg, og var samstundes eit uttrykk bestemt av det opne liturgiske språket elles i messa. Og kanskje meir overordna: Bøna er blitt til i ei samtid som eg ikkje står utanfor, heller ikkje som prest. Leiten etter Gud og kven ho er, og kva ho er for oss, er også spørsmål som teologar bør bale med. Bøna vart til i ein balansegang mellom det personlege og det allmenne, mellom å formulere gudsbilete, kristologi og å stille opne spørsmål. Spørsmålet er vel kva uttrykk dette kan få i ei bøn. Og er det eigentleg ei bøn? Denne som de no skal få lese?

Bøna:        

(Melodi: Caroline Krüger)

(1) Gud, du seier at vi skal elske kvarandre. – Ja, eg kan elske. Elske så sterkt at den brennande busken du viste deg i ville stå fram som eit fattigsleg bål. Det er ikkje der det ligg. Ikkje i kjenslene. Dei brenner. … Så kvifor kan ein kjenne seg åleine i verda, Gud, når ein kan elske så sterkt? Er det fordi eg er redd? Redd sjølvforakt og skuld – desse indre iskalde fiendane som jagar kjærleiken i skjul? – Og etterlet den usett, uprøvd, og dødsredd for dette eine – å bli elska like sterkt attende?

Alle: Gud hør vår bønn;
 en tankesverm av tro,
 en gammel, stødig bro
 til deg vår havn.

 (2) Jesus, så kom du, og Gud vart forandra. For alltid. Du gav Gud eit andlet og eit heilt alminneleg namn. Det var som om du sa til menneska: «Ja – eg har blitt som dykk. Eg vil ikkje lenger være åleine: Eg rekkjer deg handa, ikkje fordi eg vil leie deg, men fordi eg treng det. Eg er Jesus, hald meg fast. Eg treng deg, eg torer ikkje å være menneske åleine.» Var det dette du ville seie oss? - At no er det du og eg?

Alle: Gud, hør vår bønn;
 Vårt håp, vår trøst så sval,
 en sjelens blå portal
 til himlens dyp

(3) Det står skrive: Medan dei heldt måltid, tok han eit brød, takka og braut det, gav dei og sa: «Ta imot, dette er meg, mitt liv, min kropp.» – Meg, mitt liv, min kropp. Ja, han sa det… Kroppen er OSS, vi veit det Gud. Og vi veit at denne kroppen som takka for brødet og braut det, han var oss i kvar einaste celle, i kvar einaste tanke. Han var oss, i liv, i død, i oppstode. Så Gud, var det eigentleg dette Jesus sa då han hadde brote brødet: «Ta imot, dette er oss, vårt liv, vår kropp?»

Alle: Gud, hør vår bønn;
 Vår enkle himmelvei,
 vårt blikk som åpner seg
 for andres liv

Halleluja x4

 

Anne Anita Lillebø er studentprest ved Universitetet i Oslo
 

By Anne Anita Lillebø
Published Jan. 10, 2014 12:35 PM - Last modified June 4, 2015 1:49 PM