Eit landskap i endring

Som Sætren skriv, er det fortsatt uklart kva retning ”revolusjonen” i Egypt vil gå. Inntil vidare er den berre halvvegs, dei som nå leiar landet satt også i toppleiinga før opprøret. Dei tilhører det ”militær-kommersielle komplekset” som dominerte, og korrumperte, økonomi og politikk under Mubarak, og det er uklart i kva grad dei er villig eller i stand til å gi frå seg den makta denne klassen hadde i det førre regimet. I negativ retning viser t.d. forslaget til ”retningsliner” for den kommande grunnlovsendringa, der dei militære vil beskytte sine store økonomiske interesser og hindre demokratisk kontroll over militærbudsjetta før grunnlova skal vedtas. Men nå det er sagt, så har regimet også gått lenger i retning demokratisk reform enn ein kunne vente. Det foregår nå ein stille kamp for og mot utreinsking av ”dei gamle” leiarane i økonomi og næringsliv, slik vart nylig rektorane ved fem av universiteta avsatt fordi dei kom frå Mubarak-æraen. Men noen meiner at dei nyinnsatte stort sett var av samme type. 

Slik er det også med dei kommande vala, der forslaga til vallover rett nok blir endra fortløpande. Arbeidet med å danne politiske parti under det nye æra er komme ganske kort - det er mange parti, men få er godkjente og kanskje færre er levedyktige. Derfor foreslo regimet eit system der halvparten av parlamentet skulle velgas på partilister, og halvparten i einmannskretsar (nå endra til ein tredel). Det vart møtt med kraftige protestar, fordi det ville opne for at gamle Mubarak-folk kunne bli valgt inn i einmannskretsane sjøl om partiet deira var blitt oppløyst, frykta opposisjonen. Men enten det er som parti eller som enkeltpersonar, er det vanskelig å komme rundt at Brorskapet (og deira parti) er det einaste som ser ut til å vere til stades over heile landet, og vil stå sterkt. Det blir deira eigen tilbakehaldenheit som kanskje setter grensa for kor stor gruppe dei får. Men også her får vi ulike signal. Dei snakkar også om alliansar, både med sekulære parti men også med salafistane, som Sætren skriv godt om. Det vil kanskje gi eit signal om kva veg dei vil gå, kven dei til slutt velger å alliere seg med.
 
Det er også viktig å merke seg at når dei er velkjente rundt i landet, så er det både positivt og negativt. Mange religiøse egyptarar hører til dømes med til sufi-brorskap, og brorskapet (og ennå meir salafistane) har vore sterkt negative til sufismen, som dei ser som bakstreversk. Dei to har gjerne utgjort to lokale skarpt avskilte alternativ, der den enkelte truande ved å knytte seg til ein, snur ryggen til den andre. Derfor er det ikkje gitt at alle religiøse egyptarar vil strømme til brorskapets kandidatar. Ennå meir gjeld det naturligvis salafistane, som har gjort det til eit poeng å snu ryggen til den ”vanlige” religionslivet til fordel for den langt meir krevande pietismen dei står for. Det vekker tilslutning for mange som søker noe nytt, men støter andre frå seg.
 
Dersom brorskapet får innverknad, kan dei kanskje klare å bli det ”nye” og trekke til seg dei som søker dette, men det kan like gjerne bli ein del av ”makta” og gi frå seg støtte til salafistar, som Sætren konkluderer. Når vi ser på Brorskapets noe alderdommelige leiing, er det vel kanskje det siste som ein helst kan vente seg. Mellom politisk interesserte, og i utlandet, ser ein også nøye på dei meir liberale kreftene i, eller kanskje nå heller på veg ut av, Brorskapet, slik som ungdomsrørsla og presidentkandidatar som Abd al-Munim Abu al-Futuh (ekskludert) og Salim al-Awwa (sentrist, blir kanskje støtta av dei). Men vi veit ikkje kor stor nasjonal appell desse har, dersom dei ikkje får støtte frå ”apparatet” til organisasjonen. Det er iallfall klart at både det politiske landskapet, og også det islamistiske landskapet i Egypt er under endring, og det blir både viktig og spennande å sjå kva veg utviklinga vil gå.
 
 
Knut S. Vikør er professor ved Universitetet i Bergen
 
By Knut S. Vikør
Published Sep. 28, 2011 3:08 PM - Last modified June 4, 2015 1:51 PM