Innanfor, utanfor - eller i mellom?

Olsens refleksjonar handlar om korleis ein skal forstå si eiga rolle i spennet mellom forskingsinstitusjonen og forskingsfeltet: «For både religionsforskeren og urfolksforskeren er det viktig å avklare egen rolle og posisjon i forhold til feltet.» Som eg viste til i konferanseinnlegget mitt under PluRel-konferansen om relasjonelle perspektiv på religionsstudiet, var Gavin Flood inne på noko av det same i si bok Beyond Phenomenology frå 1999. Etter å ha tatt eit (for så vidt konvensjonelt) oppgjer med det distanserte, nøytralt observerande forskaridealet, foreslår han ei dialogisk forståing av forskarrolla:

«The relationship between the situated observer and situation of observation, becomes dialogical in the sense that the observer is thrown into conversation with people of texts of the object tradition … we have a situation in which research is imaged as ‘conversation’, or more accurately ‘critical conversation’, in which the interactive nature of research is recognized” (s. 143).

Dette gir god meining for meg. Med tanke på den Martin Buber-inspirerte metaforen “rommet i mellom”, handlar det vel å merke ikkje om å plassere seg i ein meglande mellomposisjon (mellom akademia og det religiøse feltet, eller mellom ulike religiøse tradisjonar). Kanskje handlar det – med referanse til Homi Bhabha – om å sjå vekselverknaden mellom religionsstudiar og religiøs aktivitet som overlappande aktivitetar i eit felles kulturelt rom som er i stadig omforming, som eit «tredje rom» i Bhabhas meining. Her kjem aktørperspektivet inn med full tyngde: er vi ikkje, som religionsforskarar, uansett med på å prege det religiøse feltet?

Den kritiske refleksjonen om korleis vi plasserer oss i feltet eller rommet, gjer det nokså umogeleg å tenkje seg at vi i studiet av religionar og forholdet mellom dei kan ta ein nøytral mellomposisjon. Det forskingsetiske kravet må heller vere at eins eigen posisjon er transparent, og dermed open for diskusjon. Slik kan ein som forskar byggje opp om ei form for objektivitet som ikkje kviler i den einskilde forskaren sitt blikk, men som ein berre kan nærme seg intersubjektivt.

I interreligiøse studiar, dvs. studiar av forholdet mellom religionane, er det kanskje ikkje insider/outsider-problematikken som er mest påtrengande. «For kva vil det seie å vere ”innanfor” eller ”utanfor” det felles rommet imellom religionane og livssyna? Har ikkje alle del i mellomrommet?» spurde eg retorisk i mi bok Islam og kristendom (2006).

I min seinare refleksjon om dette, har eg meir og meir tenkt at rommet imellom er eit etisk rom. Dei fleste dilemma vi står overfor både som religionsforskarar og religionspraktikarar, handlar jo om dei (u)etiske aspekta ved dei religiøse tradisjonane og korleis desse spelar seg ut ikkje berre på individnivå men like mykje i ein politisk samanheng. Eller det kan (som i Olsens urfolksperspektiv) handle om korleis religionane blir definert og dominert av politiske krefter som ein berre i liten grad har kontroll over.

Det er vel nettopp denne etiske og politiske samtalen vi er saman om, kva anten vi er på innsida eller utsida av dei religiøse tradisjonane.

 

Oddbjørn Leirvik er professor i interreligiøse studier ved Det teologiske fakultet og faglig leder for PluRel
 

By Oddbjørn Leirvik
Published Feb. 4, 2013 9:57 AM - Last modified June 4, 2015 1:51 PM